Vi testar eingongsprodukt!

I samarbeid med Bybonden i Bergen og Egge Import AS testar vi kompostering av eingongsprodukt i kompostkontaineren Gullars, på Møhlenpris i Bergen. Vi testar produkt av papp, bambus, palmeblad, tre, bagasse(sukkerrøyr) og PLA(mais), med og utan coating i PLA.

Vi er veldig spente på kva som kjem ut som matjord og gler oss til å komme eitt steg vidare for å løyse utfordringane med produktreisa frå innkjøp, gjennom bruk og til avfallshandtering i matservering på festival!

Previous
Previous

Nye kampanjar til sosiale media!

Next
Next

10 000 kroner til dei 15 første!