Nye kampanjar til sosiale media!

Nye kampanjar som Grøne Festivalar kan bruke i kommunikasjon med sitt publikum er klare! Denne gangen med fokus på konsum av meir klimavennleg mat og samkøyring… som vi håpar vil vere lov når festivalsommaren igjen står for døra.

Frå før har vi laga kampanjar for å vri reiseveg til kollektivtransport og for å unngå forsøpling med snus, sneip og engangstelt.

Det er også laga plakatar i A3 og 50 x 70 cm basert på kampanjane som festivalane kan printe sjølv og henge opp. Desse kommuniserer direkte med publikum på festival.

Ta kontakt med elise@brak.no om du vil ha heile profilpakken tilsendt på e-post. Denne finst også på bokmål.

 
Previous
Previous

Nye tilskuddsordningar frå Bergen kommune

Next
Next

Vi testar eingongsprodukt!