Testing av eingongsprodukt i gang!
Det florerar av eingongsprodukt i markedet og fleire og fleire hevdar å vere komposterbare. Benedicte, sjefen i kompostkontaineren Gullars, er derimot skeptisk.
No testar vi eingongsprodukt, som ifølge produsent, skal vere komposterbare for å sjå kva produkt som faktisk kan gå gjennom ei sånn type løysing.
Produkta har brukt tre veker på å komme gjennom sjølve kompostmaskina som held mellom 50 - 60 grader. Vi ser at enkelte produkt passar utmerka i miksen - slik som produkt laga av palmeblad, papp og treprodukt. Komposten tilsetjast flis og bark uansett, så dette er topp for komposten.
Materiale som er tyngre prosessert ser ut til å trenge lenger tid - slik som bagasse, bambus og PLA. Produkt som er laga i CPLA viser nærmast ingen forskjell etter at produkta har gått gjennom kompostmaskina. Sannsynlegvis må desse produkta komposterast i eit industrielt kompostanlegg.
I neste fase av prosessen leggast produkta i kompostbingen bak Gullars. Der skal komposten kose seg i rundt 70 grader i 6 veker. Vi er spent på å sjå kva som kjem ut 🙏