Grønt vegkart for kunst - og kultursektoren
Kunst- og kultursektoren har endelig fått samla retningslinjer for overgangen til grøn produksjon og drift!
Vegkartet vart lansert i mars 2021 og gir ei overordna retning for praktisk miljø- og bærekraftsarbeid i sektoren. Vegkartet skal bidra til målbar reduksjon i klimaavtrykket og til konkret praksisendring hjå verksemder og enkeltaktørar.
Vegkartet inneheld strakstiltak for verksemder, for enkeltpersonar og for styresmaktene.
Vegkartet fokuserer på å bremse forbruk gjennom strategisk og praktiske tiltak. Dei praktiske tiltaka heng nøye saman med tiltaka i Grøn Festival med fokus på energi, transport, innkjøp og avfallshandtering. Vi gler oss også noko heilt vilt til klimarekneskapet står klart!
Les meir om vegkartet her
Digitalt fagseminar
Vi lærer stadig av kvarandre! 26. mai arrangerte Brak og NKA en panelsamtale om erfaringar og framtidsutsikter for det grøne skiftet. I samtale: Linnea Svensson (prosjektleiar Grønt Veikart), Ole-Morten Algerøy (Bergen Live), Ole Tobias Lindeberg (Oseana), Katrine Nødtvedt (kulturbyråd, Bergen kommune) og Embla Karidotter (artist).