Slik gjer du det!

Lurer du på korleis du blir Grøn Festival? Slik gjer du det:

1) Ta kontakt med prosjektleiar Elise Hessevik, så avtalar vi møte.

2) Oppstartsmøte med prosjektleiar gjennomførast fysisk eller digitalt. I oppstartsmøtet kartlegger vi kva festivalen allereie gjer og kva festivalen må gjere/endre for å oppfylle krava i Grøn Festival.

3) Innsending av sjekkliste. Denne kan sendast inn før festival med kommentar på kva tiltak som enno ikkje er gjennomført.

4) Du mottar Grøn Festivallogo og visuelle element til bruk på nettside og i kommunikasjon.

5) Festivalen gjennomfører tiltak og ein grøn festival.

6) Evalueringsmøte med prosjektleiar gjennomførast fysisk eller digitalt. På evalueringsmøtet går vi gjennom tiltaka på nytt. Kva gjekk bra og kva gjekk dårleg?

7) Dersom festivalen har klart å gjennomføre tiltaka og ein Grøn Festival vil festivalen motta eit bevis på dette og dei 15 første får ein premie på 10 000 kroner!

Previous
Previous

Gratulerer VEKAO

Next
Next

Gratulerer Borealis!