Gratulerer Borealis!
Borealis har gjennomført Grøn Festival 17. - 21. mars. Med ekstra utfordringar midt i ein pandemi har festivalen bestått med glans og 10 000 kroner i premie ventar frå Sparebankstiftinga Sogn og Fjordane som ein av dei 15 første festivalane som gjennomfører Grøn Festival!
Festivalen har mellom anna innført klimahonorar for togreiser og sørga for kildesortering på alle sine arenaer. Borealis har frå før av allereie hatt fokus på servering av klimavennlig mat, matsvinn og servering og har eit fabelaktig system for innkjøp og lagring av festivalgreier mellom festivalane.
På grunn av restriksjonar fikk festivalen unntak for å legge til rette for samkøyring og oppfordring om å reise kollektivt. Dei fikk også lov å dele ut antibac som give-aways. Lurer du på om du kan gjennomføre ein Grøn Festival i 2021? Ta kontakt med prosjektleiar Elise Hessevik.