Festivalane sine beste tips frå 2021!

Trass pandemi og eit utfordrande år for festivalane har heile 9 festivalar klart å ta miljømerket Grøn Festival i 2021. Her er deira beste tips for å klare krava!

Energi

Arranger festival der det allereie er straum

Legg konsertar og arrangement som treng straum til stadar/lokaler der det allereie er innlagt straum. Finn ut i planleggingsfase kor mykje straum dei ulike produksjonane krevjer og finn stadar som passar til produksjonen i staden for å tilpasse andre vegen med dieselaggregat.

Transport

Book lokalt

Å booke lokale artistar, konferansierar, kunstnarar osb. fjernar heile transportleddet for denne gruppa.

Innkjøp

Lag tidsnøytral logo

Med tidsnøytral logo kan du bruke promoteringsmateriell år etter år etter år. Bruk heller årlege variasjonar på nettpromotering.

Mat og servering

Finn riktig leverandør

Med leverandør som har fokus på klimavennlig mat og klimavennlig servering er mykje gjort.

Avfallshandtering

Fjern avfall frå likninga

Sjå på reisa til avfallet ditt. Kor kjem det frå? Kva av innkjøp blir til søppel? Fjern avfall som engangsartiklar, sponsoreffektar, promomateriell osb. frå innkjøpslista og finn andre alternativ.

Lurer du på korleis du kan bli Grøn Festival? Slik gjer du det!

Previous
Previous

Søk pengar til tiltak 1. mars

Next
Next

Gratulerer Bergen Fringe Festival